Formidling og fortelling

Barnas lørdag: Lykketanna

Forfatterbesøk med Anja Dahle Øverbye om den skumle skolestarten.

Sara Berntsen
Forfatterbesøk med Anja Dahle Øverbye om den skumle skolestarten.
Lørdag 18. feb. 2023
12:00 - 12:40
Gratis - ingen påmelding

Torbjørn er seks år. Til hausten skal han byrje på skulen. Alle spør om han gler seg, for det gjer ein vel når ein skal bli skulegut? Men Torbjørn gruar seg. Han vil ikkje slutte i barnehagen, og han vil ikkje kjøpe skulesekk. Kvifor kan han ikkje berre gle seg slik som dei andre ungane? Ein dag kjøper mamma ei dinosaurtann til Torbjørn, og ho fortel at det er ein lykkebringar. Kan den hjelpe han, tru?

Anja Dahle Øverbye (f. 1981) er teikneserieskapar og illustratør. Debutboka hennar, Hundedagar, vann prisen Årets tegneserie i 2016. Ho er omsett til engelsk, fransk og russisk. Lykketanna er hennar første biletbok.