Formidling

Boklansering: "Inn i løynde rom"

Velkommen til boklansering! Er du nysgjerrig på kva som skjuler seg bak kulissene på biblioteka og inn i hovudet på bibliotekarane? Marit Olaisen er pensjonert bibliotekar. No har ho skrive novellesamlinga "Inn i løynde rom" frå bibliotekmiljøet, og lanseringa av boka skjer sjølvsagt på biblioteket. Gratis og åpent for alle. Marit Olaisen serverer kake og kaffi og det blir høve til å kjøpe signerte bøker.

Torsdag 13. juni
18:00 - 20:00

Gratis - ingen påmelding

Dette skriv forlaget om boka:

"Desse novellene handlar om livet i og rundt norske folkebibliotek frå 1950-talet til omkring tusenårsskiftet. Dei tek oss med inn mellom bokhyllene, inn bak skrankane, ned i dei mørke, støvete kjellarmagasina, og inn i veremåtane og tankane til bibliotekarbeidarane; Den unge, uerfarne praktikanten, den pedantiske biblioteksjefen, den strenge, pirkete lesesalsbibliotekaren, den kantete, asosiale, mannlege bibliotekaren, og dei andre meir eller mindre særeigne personane som held seg der inne mellom bøkene."

"Inn i løynde rom" kjem ut i juni, og ein av dei få heldige som har lese boka hittil, nemleg korrekturlesaren, melder at "dette er ei nydeleg bok som eg håper får mange lesarar!"