Formidling og fortelling

Restegarn: Gullet i skuffa. Strikk og lytt med Ingvild Grane

Ta med deg strikketøyet ditt og bli inspirert!

Ta med deg strikketøyet ditt og bli inspirert!
Fredag 9. des. 2022
11:30 - 12:30
Gratis - ingen påmelding

Synest du det er utfordrande å strikke med restegarn? Fyller det seg berre opp i skuffer og skåp med garn du har til overs? Slik var det for Ingvild Grane også, heilt til ho bestemte seg for å berre strikke med restegarn eit heilt år. No deler ho sine beste restegarntips med deg! I foredraget hennar får du tre kvarter proppfulle av inspirasjon og idear til alt det fine du kan strikke av restegarn, og du får konkrete tips til gode restegarnprosjekt - samt eit par dyrkjøpte råd om kva du kan droppe å bruke restegarn til.

Ingvild Grane (f. 1982) har har i mange år delt fargerik strikkeglede på Instakontoen @Skaperrom. Ho lagar eigne strikkeoppskrifter, og brenn for å dele gode tips til korleis ein gjennom små grep som fargeval, bruk av restegarn osv kan gjere alle strikkeplagg unike. Hausten 2021 kom ho med si første strikkebok, Strikk med Ingvild frå @Skaperrom, som er full av enkle og fargerike strikkeoppskrifter til både baby, barn og dame. Hausten 2022 kom ho med si andre bok, 100 handlaga gåver, som gir deg massevis av idear til gåver du enkelt kan lage sjølv, utan å belaste naturen eller lommeboka.