George Orwell (psevd. for Eric Arthur Blair)

forfatter, bidragsyter

født
1903
død
1950
nasjonalitet
England

George Orwell var ein britisk romanforfattar, essayist, journalist og kritikar. I ein karakteristisk klar og retorisk effektiv prosa støttar han konsekvent demokratisk sosialisme samtidig som han kritiserer totalitære samfunnssystem og samfunn med store klasseskilje (særleg Storbritannia).To av Orwells romanar, Animal Farm (1945) og Nittenåttifire (1949), er blant dei viktigaste og mest kjende romanane frå 1900-talet, ikkje berre i Storbritannia, men globalt.