Der det finst fuglar

Roman • Historisk

Der det finst fuglar

roman

«Der det finst fuglar» er eit intenst familiedrama frå ein forblåsen plass på Trøndelagskysten. Johan har forsaka kjærleiken til Hannah for eit ekteskap med prestedottera Marie og ein stilling som fyrvaktar på eit rev i havet utanfor bygda Uthaug. Der blir dottera Darling og sonen Valdemar tjora fast til fyret for ikkje å blåse på sjøen. Livet er hardt og einsamt. I eit nøkternt språk med strimer av humor, maler Maren Uthaug fram ein mørk og urovekkande slektsfortelling. I «Der det finst fuglar» har Maren Uthaug henta inspirasjon frå historier om sin eiga slekt. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterMaren Uthaug
OversetterIngvild Holvik
Utgitt2020