Verdas mest forelska par

Roman • Humor

Verdas mest forelska par

Esmiluni og Bidger har det godt. Dei bur i den vesle bygda Bøygen. Her dyrkar dei livet og kvarandre. Som kjærastar flest pludrar, kosar og klemmer dei dagen lang. Det einaste som kan true idyllen, er ein konkurranse om kven som skal kårast til Verdas mest forelska par - og Bjørn Disel. Bjørn Disel bur også i Bøygen, har bensinstasjon og er hemmeleg forelska i Esmiluni. Når den store konkurransen blir offentleggjort, melder han seg og Esmiluni på. Men Esmiluni er også påmeldt saman med Bidger, og heile Bøygen står bak dei når dei drar avgarde for å sikre heimbygda den store premien. Både konkurransen og Bjørn Disel set kjærleiken mellom dei to på ei hard prøve. Men som seg hør og bør i ei romantisk forteljing, endar det godt. Eit frodig persongalleri, underfundig humor og Belsviks særprega forteljarstemme gjer dette til ei spesiell leseoppleving.
ForfatterRune Belsvik
InnleserRune Belsvik
Utgitt2006