Formidling og fortelling

Barnas lørdag: Monsterbesøk!

Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre?

Lørdag 17. juni 2023
12:00 - 12:30
Gratis - ingen påmelding

I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter dykk Lys levende Adele i alle rollane.

Varighet: 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.

Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, og Tove Bakke har omsett. Denne boka er den femte i den populære serien frå denne svensk/færøysk/islandske forfattartrioen. Framsyninga er støtta av Bibliotekutvikling Vestland og Folkeakademia i Vestland og Sogn og Fjordane.