Formidling og fortelling

Lyttestund for vaksne: Monica Goksøyr

Debutantprisvinnar Monica Goksøyr les høgt frå si bok Slemme jenter

Debutantprisvinnar Monica Goksøyr les høgt frå si bok Slemme jenter
Onsdag 8. mai 2024
13:00 - 14:00

Ein onsdag i månaden innbyr vi til eit litterært pusterom der ein forfattar les høgt for deg. Denne gongen er det Monica Goksøyr som kjem. Ho vil lese frå si novellesamling Slemme jenter (2023), som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.

"Sju noveller med jenter i hovudrolla. Jenter som vil vekk frå kvardagen og jaktar etter spenning og grenseoverskridingar. Jenter som kjenner på einsemd og utanforskap, og som har mødrer frå Asia og fedrar på sjøen. Jenter som leitar etter meining, men finn ho på feil plass, som er skada og som skadar." (Frå forlaget si omtale)

Juryen for debutantprisen skriv i si grunngjeving: "Med glassklare observasjoner, psykologisk innsikt, og stilistisk teft utviser Goksøyr både risikovilje og følsomhet."

Monica Goksøyr (f. 1990) har vakse opp på øya Runde på Sunnmøre og har røter i Thailand. Ho har ein master i rettsvitskap og arbeider som jurist i staten. Ho har gått på Aschehougs forfattarskule. Novellesamlinga Slemme jenter er hennar fyrste bok.

Dropp inn i salen på Deichman Tøyen – ein kopp kaffe får du også!