Nini Roll Anker
forfatter
- født
- 1873
- død
- 1942
- nasjonalitet
- Norge
Nini Roll Anker var ein norsk forfattar med ein omfattande skjønnlitterær produksjon som viser eit stort samfunnsengasjement. Det same engasjementet viste ho òg i avisdebattar og gjennom verv i Norsk forfatterforening der ho mellom anna arbeidde for betre stipendordningar. Ho var ein viktig støttespelar for mange forfattarar og kunstnarar, både kollegialt og økonomisk.Mellom hennar hovudverk er Benedicte Stendal (1909), Det svake kjønn (1915), Stampe-trilogien (1923–1927), Den som henger i en tråd (1935) og Kvinnen og den svarte fuglen (1945).I eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson skreiv Nini Roll Anker i 1906: «For mig er det 3 ting, 3 vældige ting, som gjør livet værdt at leve: kjærlighed, kunst og arbeiderspørgsmaalet».
Utdrag fra Store norske leksikon