Innerst i hjertet har jeg min forstand

Biografi

Innerst i hjertet har jeg min forstand

biografien om Georg Johannesen

Lyrikar Georg Johannesen kunne vere ein nådelaus polemikar som gjekk til åtak på kven det skulle vere. Samstundes skreiv han nokre av dei vakraste dikta som er skrivne på norsk. I 1990 blei Ars moriendi kåra til 1900-talets beste norske diktsamling. Ved hjelp av ei rekkje nye kjelder skildrar denne biografien eit uvanleg og fascinerande livsløp. Som liten opplevde Georg Johannesen krigen på nært hald og blei merkt for livet av det. Han blei seinare fengsla for militærnekting, ekskludert frå Arbeidarpartiet og var sentral ved etableringa av Sosialistisk Folkeparti. Trass eit uvanleg lyrisk talent ville han ikkje vere lyrikar. I staden var han universitetsprofessor i retorikk, men også her i konstant opposisjon til det norske fagmiljøet. Georg Johannesen var heile livet ein mann på tvers av si samtid. Han var kompleks og paradoksal, ikkje alltid like lett å forstå, men alltid tru og konsekvent mot sin eigen rasjonalitet, i tråd med det han sjølv hadde fastslått.
ForfatterAlfred Fidjestøl
Utgitt2022