Liljevilje

Dikt

Liljevilje

dikt

I denne samlinga skriv Helge Torvund dikt om kva livet gjer med oss, om korleis det kan veksle mellom lys og mørke frå ein dag til den neste, og frå ein augneblink til ein annan. Ein kan sjå skjønnheit både i den kvite lilja på kista, og den gule påskelilja om våren som ropar om liv og lys. Morgonhimmel og kveldshimmel - livet byr på det alt saman. Men har vi sterke nok vengar til å bere det? I Liljevilje skriv Helge Torvund dikt om å høyre til, om å finne fram aleine - eller saman. Denne samlinga opnar sansane våre gjennom diktlandskap fylte med musikk og fargar, med trær, blomster, fuglar, hav og kunst. Dette er bruksdikt til å halde tett inntil seg, til å hente håp og styrke frå, og ikkje minst trøst. Omtala er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterHelge Torvund
Utgitt2020