Noveller i samling

Noveller

Noveller i samling

Jacob Sande (1906-67) er ein folkekjær lyrikar, men Sande skreiv og forteljingar, og denne boka samlar dei tre novellesamlingane han gav ut: "Straumar i djupet" (1935), "Eit Herrens vér" (1943) og "Skarlagensnora" (1946). I novellene møter vi Sande som ein sansavar skildrar av vestlandsnaturen og ein medfølande observatør av småkårsfolk. Her er skildringar av strenge livskår, av menneske i kamp mot naturkrefter, styresmakter og armod, og her er humoristiske, ofte bitande ironiske utleveringar av menneskeleg dårskap. Jacob Sandes "Noveller i samling" har lenge berre vore tilgjengeleg i pocketutgåve. Her kjem dei i ei innbunde boki stil med nyutgjevinga av Sandes "Dikt i samling" frå i fjor. Forhåndsomtale. 1999.
ForfatterJakob Sande
Utgitt1999