Den reflekterte latteren

Den reflekterte latteren

på spor etter Arne Garborgs ironi

"Den reflekterte latteren" er eit forsøk på å fange inn det makelause ved Arne Garborg ? hans rastlause intellektuelle energi. Bjørnstjerne Bjørnson hevda med presis malise at Garborg hadde gjort livet om til ein rundreisebillett. I denne boka trer det ironiske ved Garborgs skrifter inn i sentrum. For å begripe kva det var ironien sette på spel, er det også nødvendig å fange inn dei ikkje-ironiske dimensjonane ved Garborgs liv og skrifter. Geir Mork oppfattar slik Arne Garborg som ein særs motsetnadsfull forfattar, ein som stadig framkallar undring. I eit forsøk på å gripe ?den heile? Garborg diskuterer Mork ei rekke av tenkarar som kjempa med ironien som eksistensform, fremst mellom desse er Søren Kierkegaard. Denne boka er Geir Mork si doktoravhandling frå 1989. Har notar og bibliografi.
ForfatterGeir Mork
Utgitt2002