Intervju med Aina Basso
Novellesamlingen “Eg rissa desse runene” er nominert til Bibliotekets litteraturpris! Disse originale novellene gjorde oss så nysgjerrige at vi måtte ta en prat med forfatteren. Her er det lille intervjuet:
Intervju
"Eg rissa desse runene” er nominert til Bibliotekets litteraturpris! Hvordan vil du selv beskrive boka?
Novellene sirklar inn livet i og kring Bergen rundt år 1200, frå ung til gammal, kloster til skjenkestove, frå tannknekkar til prostituert, rik til fattig, mann til kvinne, og frå kjærleik til sorg og tap. Novellene kan lesast som enkeltståande forteljingar, men fleire personar går att i fleire av novellene, slik at eit større bilete blir teikna om ein les heile boka frå start til slutt.
Hva fikk deg til å gå i gang med "Eg rissa desse runene" ?
Den spede spiren til denne boka kom allereie for tjue år sidan då eg såg utstillinga «Gyda seier at du skal gå heim» på Bryggens museum i Bergen, som var ei utstilling av små trepinnar med runeinnskrifter funne under utgravingar nettopp på Bryggen. Desse innskriftene tende ein gneist i meg, som eg ikkje visste kva eg skulle gjere med, men som heller ikkje slokna. Då eg innsåg at eg kunne skrive noveller kring desse innskriftene, som varierer frå merkelappar til eigarmerke, kjærleikserklæringar, nidskrifter og sms-liknande beskjedar, losna det endeleg.
Hva er det beste ved å skrive og hva er det verste ved å skrive?
Det er to punkt i skriveprosessen som eg elskar, og det er starten og slutten. På starten er alt mogeleg og det litterære universet ligg som ei glimande luftspegling framføre meg. På slutten har eg full oversikt over dette universet, og kan bruke tid på å skru det til eit ekstra hakk og finpusse endå litt på språket. Det verste er å ikkje ha tid til å skrive når ein har lyst til å skrive, og å ikkje få det til når ein endeleg har tid.
Fortell om en bok som har vært spesielt viktig i ditt liv, og hvorfor denne boka ble så viktig:
Den første boka som slår meg er «Anne» av Paal-Helge Haugen, ein historisk-poetisk punktroman frå 1968, som konsulenten i Samlaget meinte at min debutroman hadde likskapstrekk med, og som eg gret då eg las, fordi det var så fint skrive. Langt betre enn det eg sjølv hadde fått til, men noko å strekke seg etter.
Hvis livet ditt var en roman, hvordan ville romanen åpnet?
«Ho var tynn og skranten då ho vart fødd, og ingen visste om ho ville leve opp.»
Hva er du mest redd for at en kritiker skal si om boken din?
Eg er ikkje så redd for kva kritikarane skal seie lenger, sjølv om det naturlegvis betyr noko om ein får slakt eller skryt – og om ein blir meldt i det heile. Eg er meir redd for kva historikarane skal seie, og om det er noko eg har misforstått eller som er blitt feil i dei historiske bøkene mine – difor prøver eg å gardere meg ved å bruke fagkonsulentar der eg er usikker.
Hvilken rolle spiller biblioteket i ditt liv?
Biblioteket har alltid spelt ei viktig rolle i livet mitt. Som barn gjekk eg på den lokale filialen kvar onsdags ettermiddag, då det var ope i to timar, og las meg gjennom alle bøker for barn og unge (med unnatak av Evy Bøgenes, som eg heldt meg for god for), før eg fekk byrje på vaksenbøkene. Som vaksen har eg nytta biblioteket til både fag- og skjønnlitterær lesing, og er særleg glad for mogelegheita til å bestille bøker på fjernlån.
Hva leser du akkurat nå?
Akkurat no les eg fem-seks skjønnlitterære bøker for vaksne frå 2025, som del av vervet mitt i Det litterære Råd i Forfatterforeningen, som fungerer som stipendkomité og deler ut nokre prisar, m.a. Tarjei Vesaas’ debutantpris. Eit ærefullt og ansvarsfullt arbeid som gir meg ei unik oversikt over det norske litterære landskapet, og mogelegheita til å oppdage nye, gode forfattarskap som hittil har gått under radaren ikkje berre for meg, men for dei fleste.
Stem på din favoritt!
Du kan fortsatt stemme på den forfatteren du ønsker at skal vinne Bibliotekets litteraturpris! Trykk på linken for å stemme og følg med for flere intervjuer!