Samtale og debatt
Gaza-debatt og lansering av Bok & bibliotek 3/2024
Bibliotekenes svar på folkemordet på Gaza
Biblioteka bør bryta stilla om folkemordet på Gaza, skreiv Kjersti Egge ved Bergen Offentlige Bibliotek på bokogbibliotek.no 9. august.
Nei, biblioteket må alltid overlata til brukaren å gjera seg opp si meining – og avstå frå å ha ei eiga, svarte tidlegare Deichman-direktør Knut Skansen.
Biblioteksjefane i Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Drammen, Bærum og Oslo kom også med eit felles svar til Egge.
Denne kvelden kjem både Kjersti Egge og Knut Skansen til Deichman Grünerløkka for å ta vidare ordskiftet om grensene for biblioteka sitt ytringsrom. Ordstyrar og vert for kvelden blir redaktøren i Bok & bibliotek Arne Olav Hageberg. Vi seier frå når vi veit kven andre som blir med i panelet.
Kvelden er ei lansering av Bok & bibliotek 3-25 der vi, i tillegg til heile Gaza-debatten, trykker masse stoff frå biblioteka sin verdskongress i Kasakhstan. Speka hestekjøt og gjæra kamelmjølk kan vi ikkje by på, men lovar likevel å tematisera også denne delen av bladet på høveleg vis.
Etterpå spaserer vi tre minuttar ned til Thorvalds i Thorvald Meyersgate 78 og ein aldri så liten lanseringsfest på ein onsdag