
Språket som vart norsk
språkhistorie frå urnordisk til 1800-talet
Denne boka er ei innføring i norsk språkhistorie frå urnordisk fram til 1800-talet. Forfattaren gir ein introduksjon til språkhistorie som fagdisiplin, korleis ein kan finna ut noko om eldre språk og korleis språkhistoria kan forklara trekk ved moderne norsk. Her fylgjer vi dei store linene i utviklinga av både skrift og tale. Det er lagt vekt på gamalnorsk og språket i norrøn litteratur, og mellomnorsk, då mange av endringane i norske dialekter fann stad. Boka er særleg tilpassa studentar med omgrepsforklaringar, refleksjonsspørsmål og mange tekstdøme. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
Forfatter | Ivar Berg |
---|---|
Utgitt | 2019 |