Det kvite kortet

Skuespill

Det kvite kortet

eit skodespel i éi akt

Dette er eit skodespel i to delar. Dei innverknadsrike kvite kunstsamlarane Virginia og Charles har invitert den lovande svarte kunstnaren Charlotte på middag. Dei er interesserte i å kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre og imponere ho med ein samtale om kunst og representasjon av rase, og samtalen går gradvis i ein uheldig spiral mot eit ekstremt ukomfortabelt crescendo. Eitt år seinare er Charles i Charlottes studio, og konfrontasjonen deira bringar fram spørsmål om kva – og kven – som eigentleg er på utstilling. Claudia Rankine er poet og dramatikar. Ho har vunne fleire prisar, mellom anna Bobbitt National Prize for Poetry for «Citizen: An American Lyric» (2016). Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.

Relaterte temalister (1)