Anbefales
Vi, dei fattige

Personlige beretninger

Vi, dei fattige

åtte forteljingar om barnefattigdom

Boka inneheld åtte forteljingar om fattigdom blant barn. Erfaringane til fattige familiar kjem sjeldan fram i lyset. Korleis er det å vere fattig i eit av verdas rikaste land? Å ikkje ha råd til å gi barna det dei treng? I boka møter vi åleineforeldre og folk med innvandrarbakgrunn. Barna deira er overrepresenterte blant dei 111 000 barna som veks opp under fattigdomsgrensa i Noreg. Desse barna er meir utsette for både fysiske og psykiske sjukdommar. I boka blir vi kjent med Andrea som ikkje får sove fordi ho er redd mora skal døy. Elias som har ein pappa som kjeftar på dei som sel dop utanfor blokka, og vi møter Georg som vil rømme heimanfrå. Frå 2001 til 2020 er talet på fattige barn meir enn tredobla. Forteljingane til fattige familiar manglar når politikarane igjen kuttar i trygda, i eit samfunn som er bygd rundt det at alle skal ha råd til å eige ein bustad. Maria Lavik gir desse familiane ei stemme. Lavik er tilsett som journalist i Vårt Land. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterMaria Lavik
Utgitt2021

«Fattig i Noreg? Ja, det kan skje med deg òg. »

Maria Lavik viser ved hjelp av åtte forteljingar om åleineforeldre at fattigdom kan ramme kven som helst. Mykje er bra med Noreg, men ikkje bra nok. Vitnesbyrda fekk meg til å føle på kroppen korleis det er å ikkje ha råd til det grunnleggjande til eigne barn, og korleis det er å måtte bruke så mykje tid og krefter på å kave mot NAV.

Passer for deg som ...

vil lese noko viktig og lærerikt.

KatrineKatrineDeichman