Lukta av våt jord om natta
roman
Mie er på hytta med søstera Rakel og faren. Der har dei vore i helger og feriar i alle år, men denne gongen er det éi som manglar: mor. Korleis kan livet berre fortsette, når den næraste har valt å forlate det? Mie skjøner ikkje korleis dei to andre kan handtere det som har skjedd. Ho minnest barndommen og tida før mora vart gravlagd, og prøver aleine å finne svar på alle spørsmåla som har dukka opp. Korleis kan dei tre som er igjen nærme seg kvarandre? Korleis kan dei finne ein måte å snakke om det verste som kunne skje? Dette er Maria Bokneberg si debutbok. Omtalen er utarbeida av Biblioteksentralen.
Forfatter | Maria B. Bokneberg |
---|---|
Utgitt | 2016 |