Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville

Dikt

Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville

(og andre dikt)

Undertittel: (Og andre dikt). I seks bolkar får lesaren her servert dikt fråRagnar Hovland si hand. Her er dikt for ein kvar, dei fleste i ubunden form.Nokre har eit surrealistisk innhald, nokre tar tak i kjensler og kvardagslege situasjonar og hendigar, mange er fylde av humor og ironi, og ofte er det uvanlege tankerekker og overraskande poeng. Innafor kvar bolk kan ein spore ein viss tematisk samanheng, t.d. er diktaren i Spania i fjerde bolken, medan Ivar Aasen-tekstar får æra av å fylle siste bolken. Særs enkle strekteikningar av forfattaren følgjer teksten. Samlaget, 1996. 88 s.,ill. Ill.: Ragnar Hovland.
ForfatterRagnar Hovland
Utgitt1996