Anbefales
Citizen

Dikt

Citizen

an American lyric

Claudia Rankines prosalyrikk utgjer eit sterkt, moderne vitnesbyrd om det å leve i ein svart kropp i eit kvitt USA. Rankine skriv om kvardagsrasisme frå framande og frå velmeinande vener, på butikken og på universitetet der ho arbeidar. Ho skriv om Serena Williams, om politivald, om prekære liv som formast av sosioøkonomiske og rasistiske strukturar, i eit land der jamstilling for loven reknast som ei udiskutabel sjølvfølge. Teksten står tidvis åleine, tidvis side om side med bildande kunst som minnast svarte ofre for politivald i Amerika. Samlinga er omsett av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen. Omtala er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterClaudia Rankine
Utgitt2015

«Tankevekkande om rasisme.»

Eg får ei klassikarkjensle av denne boka, sjølv om ho utkom i USA i 2014. På norsk kom ho i 2018, stødig og flott omsett av Camara Joof og Kristina Leganger Iversen. Forma er variert, frå lyrikk til lengre lærerike, essayistiske passasjar; forteljingane om tennisspelaren Serena Williams sit spesielt godt igjen hos meg.

Passer for deg som ...

er interessert i korleis det er å vere svart i dagens USA.

KatrineKatrineDeichman