Anbefales
Heim

Heim

ei vandrehistorie

Hallgeir Opedal har budd tretti år i Oslo då han bestemmer seg for å gå til heimstaden Odda. Han lagar eit sett med reglar for ferda, mellom anna å ikkje vere redd for omvegar, og at han skal snakke med alle han møter. Undervegs filosoferer han over fenomenet heim. Er det ein fysisk stad? Ei kjensle? Eller berre glør av nostalgi? Turen blir ikkje berre ei reise til der han kjem frå, men også til fortida og røtene. Kva gjorde at nettopp Odda blei heimen hans? Og kan han framleis kalle Odda heime? Med humor og sjølvironi skildrar Opedal turen vestover og alle han møter på vegen. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterHallgeir Opedal
Utgitt2019

«Jag är på vandring genom livet, jag är på vandring till mitt hem.»

Tankane flyr når ein vandrar til fots. Dette er ei blanding av reiseskildring, sjølvbiografi og noregshistorie, full av filosofiske refleksjonar, artige digresjonar og tilbakeblikk. Opedal treff karakterer underveis, til dømes den underfundige Konrad Ofte. Ein audmjuk og kranglete lege som aldri blir lei av å pirke i forfattarens upresise grammatik

Passer for deg som ...

liker upretensiøs, artig og drivande forteljing.

PerPerDeichman