Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt pappkartongen

Roman

Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt pappkartongen

Det er ikkje greit å vere kosedyr, særskilt ikkje når eigaren flytter, og ein ikkje får vere med på lasset. Tøybjørnen Alfred og tøyhunden Samuel freister eit trist tilvere i ein pappkartong på loftet heilt til dei ein dagforl-t pappkartongen og på eige hand tek spranget ut i verda. Det må finnasteit verdigare liv trur dei - dei har da høyrt om Gerhardsen - og dei gir segav stad for å finne lukka. Farar trugar alle vegar, frå flaksande storfugl til blodtørste hundar, farar som gir nok dramatisk krydder til forteljinga. Først når dei er heilt motlause og nær ved å gi opp, blir dei berga. Dei finn ein heim hos eit ektepar som ikkje er for gamle til å sjå at sjølv tøydyr treng omtanke og tryggleik. Dette er ei bok i velkjend Hovland-stil med sprelske innfall og assosiasjonar som 1g gir den vaksne høgtlesar litt av kvart å humre over. Om hovudpersonane er tøydyr, er dei ikkje tapt bak eivogn. Dei gjer seg tankar om dette og hint og framstår som heilstøpte personlegdomar med bjørnen Alfred som klar leiarfigur. Forfattaren syner stor solidaritet med barn sin fantasi i ei bok der målgruppa uten vanskar vil identifisere seg med "h
ForfatterRagnar Hovland
Utgitt2004