Daudmannaland

Roman • Science fiction

Daudmannaland

ei sann historie

Innhylla i evig regn og mørke ligg ein by styrt av ein eldgammal Orden. Menneska på denne staden må skjule seg for det giftige Svartevêret, slik dei alltid har gjort. Men noko er i emning, noko som skal endre verda for alltid. Byfolket kvesser knivar i holene sine, og vondt blod koker i Ordenen. Nyingar kjem vandrande frå austlanda, og Skuggesjåarane vonar at dei gamle spådommane er i ferd med å bli sanne. Daudmannaland er ein science-fictionroman om kjærleik, urett, hemn, opprør, død og undergang.
ForfatterTerje Sander
IllustratørHåkon Holm-Olsen
Utgitt2014