
Om det å lafte
Band 2. Hus, hogge, tømmer og skog
Vi har ein ufatteleg rikdom av variasjon over temaet laft og nov i tømmer her i landet. Band 1 omtala sjølve laftet, denne boka viser korleis hjørna og tømmer blir til hus av ymse slag. Å lafte er å arbeide i tre. Laftaren treng difor omfattande vitande om tre som materiale. I denne boka utgjer trematerialar eit stort innslag. Lafting er etter tradisjonen å arbeide med øks. Men i dag er ikkje øksa like godt kjend for alle som ho var. Å kunne arbeid lett, ledig og presist med øks er eit vilkår for å kunne ha glede av å lafte. Difor er det òg med eit kapittel om bruk av øks. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
Forfattere | Jon Bojer GodalHenning OlstadSteinar Moldal |
---|---|
Utgitt | 2018 |