Anbefales

Eg snakkar om det heile tida
Camara Lundestad Joof, oppvaksen i Sandefjord, er skeiv og halvt Gambisk. Andre folks meiningar om disse delane av Joofs identitet, pregar kvardagen og livet hennar. I dette langessayet utforskar ho kva det vil seie å leve som ein dobbel minoritet i sitt eiga land. I litterære vendingar drøftar ho blindpunkt hos sjølverklæra «fargeblinde» nordmenn, kva hudfargen har hatt å seie for kven ho i dag har blitt, om det framleis finnast ein del av henne som er uberøyrt av rasisme, og opplevinga av å møte rasisme så ofte, at ho ikkje kan fortelje venene sine om alle hendingar, fordi det vil bety at dei aldri vil hinne å tale om andre ting ilag. Boka er ein del av serien Norsk røyndom. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
Forfatter | Camara Lundestad Joof |
---|---|
Utgitt | 2018 |
Inngår i serie | Norsk røyndom |