Revejegerane på Jan Mayen

Revejegerane på Jan Mayen

historisk dokumentar

Året er 1926. 11 menn overvintrar på iskalde og aude Jan Mayen i usle små fangsthytter. Tre av dei har arbeid på den meteorologiske stasjonen, resten skal prøve lukka som revejegarar. Dei er alle fanga på Jan Mayen til neste sommar, og dei skriv alle dagbøker. Det er desse dagbøkene Ole Ellefsen har brukt i arbeidet med denne boka. Her skildrar han ein vinter prega av vonbrot og krangel, men også av glede. Med desember kjem det overveldande mørkret, og med det dei mørke tankane. Ein av mennene rømmer over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Andre øydelegger revefellene for kvarandre grunna klammeri om jaktrettane. Det heile toppar seg då Hank frå Baltimore trekk våpen, klar for å drepe.
ForfatterOle Michael Ellefsen
Utgitt2013