Poisson d'or

Roman

Poisson d'or

roman

Den marokkanske jenta Laila blir kidnappa som lite barn og selt som ein gjenstand. Den første "eigaren" er krevjande, men gjev Laila solid ballast med lese-, skrive- og reknekunnskapar. Da eigaren døyr, startar eit omskifteleg liv i Europa og USA. Laila blir utnytta og plaga, lurt og sviken, men har ein enorm indre styrke. Møte med gode menneske på si ferd gjer at ho ikkje går under, men får styrka trongen til å lære og til å leve. Laila knyter ikkje varige band til folk og stader; ho er på reise. Etter kvart skjønar ho at ho må finne tilbake til sin tapte barndoms landsby, for å starte på nytt. Då kan kjærleikens tid begynne. Le Clézio har siden debuten i 1963 etablert seg som ein av dei viktigaste moderne franskspråklege forfattarane.