Shortsen til far min

Dikt • Humor

Shortsen til far min

ein bunke shorts-stories

I denne diktsamlinga står farsfiguren og shortsen hans " dette rommerlege klesplagget " i fokus. År 2005 er prega av sterk feminisme, og den gamle og strenge farsfiguren er i ferd med å dø ut. Dagens samfunn har mjuke, usikre og sårbare menn som tøflar grinande til og frå jobb med trillekofferten sin. Forfattaren fortel om sin eigen far - motstykket til denne moderne mannen - ein mann som luktar sveitte, som kløyver ved, har hår på brystet, og har eit enkelt og praktisk forhold til kjærleiken. Og som beisar huset kvar sommar i shortsen sin, sjølv om han helst vil slippe. Her er det ulike sinnsstemningar med såre minnar og absurde tankar som er utgangspunktet for dei hårreisande dikta. Dette er Jon Hjørneviks tredje diktsamling.
ForfatterJon Hjørnevik
Utgitt2005