
Nynorskens lys
eit essay
I dette langessayet liknar Morten Søberg det nynorske skriftspråket til essayforma sjølve; som noko utprøvande, noko som er forma av samtalar, historier, munnhell, reiser og politikk. Dette synes i sjølve nynorskens tilverknadshistorie, gjennom Ivar Aasens reiser i Noreg. Gjennom reiser til mellom anna Vinje i Telemark og dei engelske Hebridene, freistar Søberg å nærme seg nynorskens vassmerke og eigenart, der klare subjektsformer og ei dialogisk utveksling mellom samtale og skrift utgjer sentrale kvalitetar. Den gjennomgåande lysmetaforen i essayet, peikar på nynorsken som ein form for pågåande refleksjon og språkleg opplysning. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
Forfatter | Morten Søberg |
---|---|
Utgitt | 2018 |