Litteratur for barn og unge 2006
årboka
Denne årboka er eit forum for kritikk, forsking og formidling av barnelitteratur. Boka gir oversyn over viktige arrangement og over viktige institusjonar i norsk og nordisk barnelitteraturforsking. Den inneheld statistikkar, prisar, bibliografiar og nyttige adresser. 2006-utgåva inneheld bidrag av mellom andre Arne Svingen, Harald Bache-Wiig og Einar Økland. Årets forfattarportrett presenterer Hilde Hagerup. Boka er ei handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar og forfattarar, og for alle andre som arbeider med barne- og ungdomslitteratur.
Redaktører | Per Olav KaldestadKarin Beate Vold |
---|---|
Utgitt | 2006 |