Dødeboka

Roman • Fantasy

Dødeboka

fantasyroman

Leo Rubin, Den utvalte, får ei grufull utfordring. Han må reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Han må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året, og han får eit umuleg val. Døden. For han sjølv. Eller for vennene sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik. Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekatter. Men først må dei få fatt i Dødeboka, den glømte og gjømte protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skriften. Dette er en forteljing der gammelegyptiske religion dannar bakteppet. Fantasy for mellom-/ungdomstrinnet.
ForfatterLars Mæhle
Utgitt2014
Inngår i serieLandet under isen