Boka om Benny
Biletbok. Grisungen Benny er eit sjarmerande bekjentskap. Han er ein liten opprørar som ikkje likar mamma si ordenssans. Dette er ei samleutgåve av "Neimen, Benny" og "Jamen, Benny". I den første vil mamma vaske kosedyret Veslenøff, og Benny bestemmer seg for å rømme. Det er ikkje lett å finne ein ny heim, og til slutt må dei vende attende, men ikkje før Benny har ordna opp på sin måte. I "Jamen, Benny" vil Benny vil ha ein bror. Ein dag ligg det ein ved sida av senga når han vaknar. Veslebroren skrik og skrik og da får han smokk. Benny vil óg ha smokk, men det er han for stor til seier mamma. Ein dag går Benny ut med veslebroren. Han seier frå til mamma, men ho høyrer ikkje. Utanfor døra tek Benny smokken frå veslebroren og spring derifrå. Han møter tre kule grisar som vil gi han ein på trynet. Dei spring etter han og tek frå han smokken. Benny får heldigvis hjelp og veslebroren får igjen smokken.
Forfatter | Barbro Lindgren |
---|---|
Illustratør | Olof Landström |
Utgitt | 2004 |