Omstart

Omstart

forslag til ein ny landbrukspolitikk

Boka gir ei lettfatteleg innføring i den norske landbruksmodellen, med tollvern, marknadsregulering i regi av samvirke, jordbruksavtale, landbrukslover og utjamning mellom små og store bruk over heile landet. Almås har lenge vore ein varm forsvarar av den norske landbruksmodellen, men nylig endra han syn. Han meiner norsk landbrukspolitikk, slik vi kjenner den, ikkje er til å berge, og vi treng noko nytt. Vi treng ein omstart. Almås’ forslag til eit sporskifte er tre store endringar: ein større del av den norske matproduksjonen skal baserast på norske ressursar, ein større del av fôret til drøvtyggande husdyr skal komme frå utmark og kulturbeite, og det må komme ei ny regional arbeidsdeling i norsk landbruk. Omtalen er utarbeidet av Biblioteksentralen.
ForfatterReidar Almås
Utgitt2016