Festival

Kjartan Fløgstad i samtale med Gro Jørstad Nilsen om Due og drone

Blir vi aldri ferdig med krigen? Er det nokre historiar som framleis ikkje er fortald? Kjartan Fløgstad gav i haust ut sin 16. roman - Due og drone.

Blir vi aldri ferdig med krigen? Er det nokre historiar som framleis ikkje er fortald? Kjartan Fløgstad gav i haust ut sin 16. roman - Due og drone.
Lørdag 14. des. 2019
18:00 - 18:45
Deichman Torshov
Foredragssalen
Gratis - ingen påmelding

Due og drone er forteljinga om korleis aust møter vest, i Noreg og i den vide verda. Det er ei forteljing om etterkrigstida, om brakkebaronar og økonomisk krigsoppgjer. Vi følger Kcenia frå Aust-Finnmark som blir tvangsevakuert til Oslo med sonen, Pøyken. Fabrikkarbeidar og fenrik Olav Sima blir send frå London til Oslo med oppdrag å avhøyra ein tysk soldat. Langt i aust øver Oksana trufast på piano og arvar eit skrin med eit manuskript i. Både Sima og Pøyken gjer som andre i etterkrigstida og reiser over Atlanteren til Sambandsstatane som tek imot dei med opne armar. Omtalen er utarbeidd av BS.

På Deichman Torshovs åpningsfest vil Kjartan Fløgstad bli bokbada av forfattar og journalist Gro Jørstad Nilsen.

Vi gler oss til ein spennende samtale.

Arrangeres av Deichman Torshov