
Formidling og fortelling
Oskar og eg
Maria Parr og Åshild Irgens er tilbake – med ny bok og ny lesestund!
Fekk du med deg “Oskar og eg” på Barnas bokfest i april? Ungar og vaksne sat og låg rundt Musikkscenen vår. Dei lytta til Maria Parr som las og følgde med på handa til Åshild Irgens som teikna fram alle plassane vi høyrde om.
Nå er dei to tilbake hos oss for å halde fram historia om Oskar og eg – og alle tinga vi har. I bok to er det framleis Ida som fortel historia om seg sjølv og den viltre, egenrådige velsebroren Oskar. Det handlar det om å stjele kjeks med diplodocus, om ei farmor som tek bomba til sjøs i ein redningsaksjon, og om å trøyste eit knust hjarte med måling og stein. Det er mykje som kan bli øydelagt i ein vanleg familie. Kan det ikkje reparerast med superlim, kan det kanskje gå med kjærleik og innsats?
Maria Parr er ein av våre største barnebokforfattarar. Ho og Åshild Irgens har vunne prisar kvar for seg og saman for skrive- og teiknekunsten sin, som Brageprisen 2023 for årets beste Barne- og ungdomsbok med den fyrste boka om Oskar og eg.
Dette er det einaste arrangementet Maria Parr gjer i Oslo-området i haust. Ikkje gå glipp av det!
Lesestunda passar best frå 6 år.
Arrangementet skjer i samarbeid med Samlaget
Praktisk info:
Billettene blir sluppet lørdag kl. 08:00.
Det er helt gratis å være med, men vil du være sikret plass må du ha billett. Ubrukte billetter blir gitt videre kl. 12:00. Dørene åpner 15 minutter før.
NB: forestilling fra kl. 12.00-12.45 + verksted kl. 13:00 - 14:00
Relaterte medier
- Illustrert utgave
- Illustrert utgave