Formidling og fortelling

Barnas lørdag: Vi roper i skogen

Kom, så lærer vi oss skogens språk!

Illustrasjon: Trude Tjensvold
Kom, så lærer vi oss skogens språk!
Lørdag 10. mai 2025
12:00 - 12:30
Deichman Bjørvika
Deichmansalen (Underetasje)
Gratis - påmelding

I skogen er det aldri stille. Det knakar i greiner og suser i lauv. Fuglar syng og bier summar. Men kven lagar lukt når dei har noko å fortelje? Og kven ristar på halen når noko er farleg?

No om våren er det fint i skogen. Turane ut blir ekstra morosame om vi kjenner til språka i skogen. Både dei språka vi kan høyre og dei som er helt stille. Dette kjem Trude Tjensvold og fortel oss om. Trude er forfattar, illustratør og bildekunstnar. I 2023 skreiv og teikna ho en faktabok for dei minste om korleis tre og dyr i skogen snakkar saman. Boka har tittelen “Vi roper i skogen”.

Denne skogsturen passar best for barn i alder 3–6 år, men alle er velkomne.


Praktisk info:

BILLETTAR

Billettane blir sleppte laurdag kl. 08:00.

Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar blir gitt vidare kl. 12:00. Dørene opnar 15 minutt før.

Relaterte medier