Bjørn Aamodt

forfatter

født
1944
død
2006
nasjonalitet
Norge

Bjørn Aamodt var ein poet og industriarbeidar. Aamodt skreiv modernistisk poesi frå arbeidslivet, og dikta hans viser både eit omhyggeleg formmedvit og eit stort klassemedvit. Aamodt var nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger, for ABC (1994) i 1995 og for Anchorage (1997) i 1998.