Charles Bukowski

forfatter, bidragsyter

født
1920
død
1994
nasjonalitet
USA

Charles Bukowski var ein amerikansk forfattar. Han skreiv fleire tusen dikt, hundrevis av noveller og seks romanar. Bukowski er sjølve prototypen på ein undergrunnsforfattar som skildrar livet til fattige, utstøytte og øydelagde menneske. Det var dei lågaste sjikta i storbyen Los Angeles han skreiv om og sjølv var ein del av. Han fekk si første novelle trykt så tidleg som i 1944, men det var først på 1970-talet, då han skreiv sine første romanar, at han nådde ut til eit breiare publikum.