Donna J. Haraway
forfatter, bidragsyter
- født
- 1944
- nasjonalitet
- USA
Donna Haraway er ein amerikansk forskar som har influert fleire forskingsfelt gjennom verk om tilhøvet mellom menneske og maskin, menneske og dyr samt mellom feminisme, politikk og vitskap. Haraways forfattarskap utgjer knapt éin teori; det er snarare ein tverrfagleg og sjølvmedviten praksis. Ho trekk vekslar på alt frå poststrukturalisme og semiotikk til moderne evolusjonsbiologi og primatologi, for å syne korleis historiane vi fortel om oss sjølv og kvarandre, er med på å strukturere liva og handlingane våre.
Utdrag fra Store norske leksikon