Immanuel Kant
forfatter, bidragsyter
- født
- 1724
- død
- 1804
- nasjonalitet
- Tyskland
Immanuel Kant var ein tysk filosof, grunnleggjar av pliktetikken og talsmann for den menneskelege fornufta, eit grunnsyn som gav menneska vørdnad og sjølvtillit, og som bana veg for demokratiet.Han studerte teologi, naturfag og filosofi, og i 1746 skreiv han ei avhandling om naturvitskap. Fram til 1754 praktiserte han som huslærar. I 1755 publiserte han Allgemeine Naturgeschichte und Theorie des Himmels (Allmenn naturhistorie og teori om himmelen) og skreiv same året ei avhandling om metafysikk.
Utdrag fra Store norske leksikon