
Foto: Rigmor Dahl Delphin
Inger Alver Gløersen
- født
- 1892
- død
- 1982
- nasjonalitet
- Norge
Inger Alver Gløersen var ein norsk kunstformidlar og sakprosaforfattar. Med ei rekkje bøker om kunstnarar, og særleg den svært personlege boka om Edvard Munch, fekk ho mange lesarar frå 1950-åra. Ho skreiv jamleg artiklar og kåseri i mellom anna kvinnebladet Urd. Ved sidan av arbeidet som skribent var ho småbrukar.
Utdrag fra Store norske leksikon