John Updike
forfatter, redaktør
- født
- 1932
- død
- 2009
- nasjonalitet
- USA
John Updike var ein amerikansk forfattar og kritikar. Han var fødd og oppvaksen i byane Shillington og Reading i Pennsylvania. Som forfattar var han ein av dei mest produktive i sin generasjon og ein meister i mange sjangrar, mest kjend for dei fire romanane om den amerikanske gjennomsnittsmannen Harry ”Rabbit” Angstrom: Rabbit Run (1960), Rabbit Redux (1971), Rabbit Is Rich (1981) og Rabbit at Rest (1990)..
Utdrag fra Store norske leksikon