Melih Cevdet Anday
forfatter
- født
- 1915
- død
- 2002
- nasjonalitet
- Tyrkia
Melih Cevdet Anday, tyrkisk dikter. Han danna frå byrjinga av 1940-åra saman med Orhan Veli og Oktay Rifat den poetiske rørsla Garip ('merkeleg'), som representerte eit brott med både den tradisjonelle osmanske og den fransk-inpirerte tyrkiske diktinga. Andays dikt vitnar om eit djupt samfunnsengasjement, men frå 1960-åra av vende han seg meir og meir til eit intellektuelt publikum, som i diktsyklusen Kolları Bağlı Odyssevs (Den bundne Odyssevs, 1962), der han tek føre seg dei fundamentale livsvilkåra for menneska.
Utdrag fra Store norske leksikon