
Foto: Per Anders Todal
Svein Gjerdåker
- født
- 1963
- nasjonalitet
- Norge
Svein Gjerdåker er ein norsk historikar og avisredaktør. Frå 2001 er han ansvarleg redaktør og dagleg leiar i nynorskavisa Dag og Tid. I Gjerdåker si redaktørtid har Dag og Tid hatt jamn opplagsvekst. Opplaget auka frå 6671 i 2001 til 15 496 i 2025. Gjerdåker er frå Voss, og utdanna cand.polit. frå Universitetet i Bergen i 1992.
Utdrag fra Store norske leksikon