Anbefales
Lausgjengar

Romaner • Biografisk

Lausgjengar

notat frå eit ustadig liv

Japanske Fumiko Hayashis debutverk "Lausgjengar" er inspirert av Knut Hamsuns "Sult", og med utgangspunkt i livet sitt har ho skrive ein opprørsk og djerv roman. "Lausgjengar" er eit slags motstykke til den klassiske japanske dagboktradisjonen, der kvinner frå aristokratiet skreiv vakre dagbøker med melodramatiske dikt. Hovudpersonen i romanen er ei ung kvinne i Japan på 20-talet. Livet hennar er tungt, ho er ein fattig omstreifar, vekslar stadig mellom dårleg betalte jobbar og vert stadig skuffa. Men ho gir ikkje opp, alltid driven av ein lengsel etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik. Romanen er rå, upolert og direkte, men er også humoristisk og poetisk. "Lausgjengar" vert i dag rekna som eit av dei viktigaste verka i japansk litteratur. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterFumiko Hayashi
OversetterIka Kaminka
Utgitt2021
Inngår i serieSkalds klassikarar

«Eit råskinn av ei japansk kvinne på 1920-talet!»

Boka skildrar det turbulente livet til ei ung, omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ein sterkt feministisk og banebrytande bok i si tid. Kvinnas omstreifing manifesterer seg i tekstens struktur i form av assosiative sprang. Hennar kunstnarsjel viser seg i eit kraftfullt, direkte og poetisk språk, der opp- og nedturar kjem til sin rett.

Passer for deg som ...

oppleve ein klassikar som skil seg ut i form og innhald!

OdaOdaDeichman

Relaterte temalister (2)