Anbefales
Septologien

Roman

Septologien

roman. I-II. Det andre namnet

Asle er kunstmålar og bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han er ven med ein annan Asle, også han kunstmålar. Asle og Asle er ein slags dobbeltgjengarar og lever to versjonar av det same livet. Forteljaren førebur seg på utstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, men ein dag finn han venen Asle liggjande under snøen, kollapsa av alkoholmisbruk. Forteljaren er uroa for Asle. Han tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til sjukehuset. Det er adventstid, og som vanleg blir forteljaren invitert med på feiring hos søstera til grannen Åsleik. Han har alltid takka nei, men dette året takkar han ja. Historiene til dei to Aslane blir fortalt både i notid og fortid, og me får høyre om fjorden, om Asle og søstera, og om ein nabogut som forsvann på sjøen. Dette er første bind av romanverket «Septologien». Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterJon Fosse
Utgitt2019

«Stort om kunsten og livet.»

Wow, for ein tekst! Og for eit språk! Jon Fosses første del av dette storverket er suggererande, klok og fasinerande. Romanen inneheld ingen punktum, og det blir som å hekte seg på ein krok, og så blir du hengande på fram til slutten.

Passer for deg som ...

setter pris på godt språk og stor romankunst.

KatrineKatrineDeichman