
Freden og andre historier
Dette er ei samling med seks korte teikneserienoveller, teikna av Oliver Levang frå 2016 til 2019. Her er skrekkteikneseriar som får deg til å bli redd og til å undre litt på kva som er skjult, som til dømes korleis Espen Oskeladd lurte trollet i eventyret, eller om det skjuler seg noko bak døra i kjellaren. Eventyra handlar om alt frå familiekonfliktar til tidsreiser, samt at du får oppleve uhyggen krype innover deg. Desse eventyra er med: Freden, Guten som kappåt med trollet, Døra, Kald som eld, Mønster, Hunger. Teikneserie/fantasy for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
Forfatter | Oliver Levang |
---|---|
Illustratør | Oliver Levang |
Utgitt | 2022 |