Anbefales
Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast

Dikt

Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast

I diktsamlinga "Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast" skriv Håland om vår tid og vårt medvit. Kva skjer om ting plutseleg ikkje fungerer lenger: "Kva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy?" Har vi ein manual for livet? Kan ting erstattast og fiksast? Livet er unikt og menneska er unike, og dermed kan livet også vere fortapt og menneska fortapte. Men Håland teiknar ikkje eit bilete av fullstendig vonløyse. Innanfor livet sine rammar finst òg empati, sjølvstende og overlevingsevne. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterKjersti Wøien Håland
Utgitt2021
Inngår i serie

«Sjarm og miljø»

I denne boka skriv Wøien Håland dikt som er både sjarmerande, varme, temperamentsfulle og morosame i tillegg til at dei har eit fint klimaperspektiv! Her er kvardagen til ei ung kvinne elegant fletta ihop med dei store spørsmåla.

Passer for deg som ...

vil ha ei diktsamling på nynorsk som er både lettlesen og djup

KatrineKatrineDeichman