
Samla noveller
Å skrive er eit forsøk på å stanse den flytande straumen av alt umogeleg, seier ein av karakterane i desse novellene av Gunnhild Øyehaug, som har fått kritikarar i to tiår til å ta fram karakteristikkar som «blendande», «sylskarpe», og «virtuose». Om novellene handlar om ei jente som nektar å spele piano for bestefar sin, eller romvesen som kommuniserer gjennom polaroidbilete, eller om nokon som opplever at alt dei tek i blir til slimål, står det menneskelege i fokus, og smerta og ekstasen i det å ha eit medvit. Gunnhild Øyehaug sitt forfattarskap er eineståande og vrir kaleidoskopisk på novelleforma, «ein meister for vår tid», har det blitt sagt
| Forfatter | Gunnhild Øyehaug |
|---|---|
| Utgitt | 2025 |
| Inngår i serie | Semikolon |